Tidlegare var det sjøen som batt i hop bygder og byar. Då hadde dei små frakteskutene ei viktig oppgåve med å frakte kol, koks, is, sand og ved i nærområdet. Dei større skutene gjekk ofte med fisk, kunstgjødsel, sement og trelast langs kysten. Denne boka presenterer historia til 48 frakteskuter. Dette er skuter som har høyrt heime på Sunnmøre i kortare eller lengre tid. Dei eldste skutene som blir omtala, kom til landsdelen i slutten av 1800-talet. Dei siste kom i midten av 1960-åra. Båtane kunne vere svært ulike. Somme var bygde for å tilpassast spesielle transportar, andre var utrangerte fiskebåtar som fekk forlenga livet med fraktoppdrag.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293042068
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fotoarkivet
Vekt
940 gr
Høyde
305 mm
Bredde
215 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
144

Forfatter