Dette er forteljinga om fjella Hurrungane i Jotunheimen. Og om kvinnfolk som har levd med dei og klatra mot dei - eller ikkje brydd seg om dei. Forfattar Sigri Sandberg har leitt langt attende i vår staute fjellhistorie for å spore opp nokre av desse kvinnene. For var alle jegerar i vikingtida menn? Og når byrja kvinner å klatre? I boka fortel Sandberg om korleis Norges flottaste alpine fjellområde vart til, om mytologi og jotunkvinner, fangst og budeier. Ho skriv om romantiseringa av fjella på 1800-talet, om framveksten av moderne fjellsport og om kvinner i skjørt på veg mot toppane. Sandberg trekk linjer frå urgamal tid til i dag, og sommaren 2015 klatrar forfattaren sjølv mot dei kvasse tindane. Med "Frykt og jubel i Jotunheimen" får desse fjella, nokre av Norges fremste nasjonalsymbol, si unike historie fortalt.
Les mer
Dette er en bok som hører hjemme i hyttebokhylla.

Produktdetaljer

ISBN
9788279592235
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
199

Forfatter

Relaterte produkter