Fuglane (1957) er nok meisterverket til Tarjei Vesaas. Ingen annan romanperson er så omslutta av forfattarens omsorg og kjærleik som Mattis tust. Mattis tust er hjelpelaus i kvardagsliv og arbeidsliv, og skarp er han ikkje. Men likevel forstår han på somme måtar meir enn dei skarpe. Naturen openberrar løyndomar for Mattis. Han kan tyde fuglespråk. Han kan lese dei breva som rugda skriv til han med nebb og føter. Og han kan formulere dei djupaste livsspørsmål: Kvifor er det slik det er? spør han den venlege gardkona som byr på kaffi då arbeidet endå ein gong har gått i stå for han. Ingen kan gje svar, men diktaren fortel på ein slik måte at også lesarane må ta Mattis inn i si omsorg, samstundes som vi forstår systera Hege og alle dei som gjerne vil hjelpe Mattis, men ikkje kan nå heilt inn til han.
Les mer
I denne utgåva har Guri Vesaas lese korrektur og stått for ei varsam modernisering av språket. 1. utg. 1957

Produktdetaljer

ISBN
9788205512979
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
213 gr
Høyde
185 mm
Bredde
116 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
222

Forfatter
Redaktør