Om samspelet mellom mennesket og naturen. Gjennom essay og forteljingar i poetisk form spør Thalia Field kva vi er villige til å gjere med ord. Ho utforskar historieforteljing som verkemiddel og eksperimenterer med litterære sjangrar. Vitskapsfolk, filosofar, dyr og jamvel militæret blir plasserte i verkelege og oppdikta hendingar, og forfattaren tek inn så forskjellige storleikar som duer, chatterom, testing av atomvåpen, bygginga av Kennedy Space Center og rasehygiene. Field blandar saman fakta og fiksjon og sonderer dei porøse grensene mellom det menneskelege og det dyriske. Gjendikting og etterord ved Rune F. Hjemås. «Duer vil prøve å flyge heim. For å dra nytte av dette etablerte både egyptiske sultanar, antikkens grekarar og persarar duepostar. Ein lengsel etter å komme heim verkar kjent, og kan kanskje forklare kvifor fluger er ei plage, medan duer rører oss så djupt: ein refleksjon over tida. Duer har blitt observert på bussar og t-banar, vel vitande om kor dei skal gå av og på. Dei kan så mange av triksa våre.»
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter