I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare. Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er han for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si. I utvalet Jon Fosse har gjort av Becketts kortprosa, finn vi Fyrste kjærleik og fem andre forteljingar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse. Tidlegare norske utgåver av Becketts korte tekstar har basert seg på dei franske originalane, men tekstane i omsetjinga til Fosse er sette om frå engelsk. Beckett sette sjølv om tekstane sine frå fransk til engelsk, og då endra han ofte ein god del slik at ein kan snakka om to versjonar av same verk. Ingen av dei engelske versjonane er tidlegare utgjevne på norsk.
Les mer
Innhold: Fyrste kjærleik ; Kasta ut ; Nok ; Pling ; Dei fortapte ; Løyse. Originatitler: First love ; The Expelled ; Enough ; Ping ; The lost ones ; Lessness
Jeg kommer definitivt til å lese «Fyrste kjærleik» flere ganger.

Produktdetaljer

ISBN
9788279592624
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Høyde
180 mm
Bredde
120 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
119

Forfatter
Oversetter