Den islandske viseforma ferskeytla har vore dyrka på Island frå 1300-talet til i dag. Forma er så velkjend at dei aller fleste islendingar kan ei rekkje slike viser utanboks, og mange kan òg forme nye. For første gong blir no ei bok med denne islandske viseforma utgitt på norsk, og blant skaldane som er med i utgivinga, er nokre klassikarar, og her er òg med mange som ikkje er nemnde i litteraturhistoriske verk eller oppslagsbøker. Visene tek føre seg tema som kjærleik, håp, svik, visdom, alderdom og årstider. Visene er gjendikta av Johannes Gjerdåker (f. 1936), som er blitt tildelt fleire prisar for sitt arbeid som omsetjar: Han har tidlegare gitt mellom anna tyske, engelske, latinske og persiske verk norsk språkdrakt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252190540
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
136 gr
Høyde
192 mm
Bredde
120 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
61

Relaterte produkter