Gloppen er ei vakker bygd, og glopparane er kjekke folk. Det meiner Ivar Andenæs, som i denne boka, gjev ei brei skildring av Gloppen-samfunnet gjennom dei siste vel 150 åra. Han fortel om kvardag og fest, skulegang, idrett, lokalpolitikk, samferdsle og turisme, kyrkje og misjon, kunst og kultur, målstrev og fråhaldsarbeid. Firda gymnas er vigd eit eige kapittel, der forfattaren fortel levande om si eiga gymnastid på 60-talet. Ivar Andenæs ættar frå Jensbruket på Andenes. Farfaren, Mads O. Andenæs, braut opp frå bondesamfunnet og vart prest for glopparar og breimningar i Sør-Dakota, og faren, Olaf M. Andenæs, eldstemann av åtte brør, arbeidde på 30-talet som privatpraktiserande lege på Sandane, seinare som distriktslege i Stryn. Gloppen og glopparane er fargerik og personleg forteljing om eit bygdesamfunn gjennom skiftande tider. Boka er rikt illustrert med gamle foto.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401593
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
1040 gr
Høyde
266 mm
Bredde
216 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
232

Forfatter