Ny, stor Fløgstad-roman! Vandraren og skuggen hans, handlingsmennesket og opportunisten. Tidleg på trettitalet gjer to velutdanna unge tyskarar eit val, som fører dei til Oslos Victoria terrasse, til Grense Jakobselv, og endå lenger, over grensa. Og sidan over alle grenser, der dei blir herrar over liv og død. Den andre verdskrigen tar slutt, og blir til kald krig. Sjølv i krigens tåke finst det alltid ei grense mellom godt og vondt. Går dette skiljet framleis same stad? Skremt av forfedranes misgjerningar prøver ein ung nordmann å gjera det rette ved å følgja lover og reglar. Endar han likevel med å gjera urett? Grense Jakobselv er ein roman om makt og ideologi, om kva krigen endra, og kva som blei attende.
Les mer
Boka opnar i München i 1929 med at to unge studentar, Otto Nebelungen og Paul Damaskus, sit i eit klasserom. I klasserommet er også rektor Himmler, faren til Heinrich Himmler. Nokre år seinare gjer dei to tyskarane eit val som fører dei til Oslos Victoria terrasse, til Grense Jakobselv, og enda lenger, over grensa. Etter kvart tar den andre verdskrigen slutt, og blir til kald krig. Skremt av forfedranes misgjerningar prøver den unge nordmannen Alf Magnus Mayen å gjere det rette ved å følgje lover og reglar. Han får seg jobb i overvakingspolitiet, men endar han likevel med å gjere urett?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205393981
Publisert
2009
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
580 gr
Høyde
208 mm
Bredde
136 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
435

Forfatter

Relaterte produkter