Om kjærleik, fordommar og svik. I 1941 forlèt den 23 år gamle Helen Bynum heimen på landsbygda i delstaten New York for første gong. Ho har fått i oppdrag å hente heim tante Lulu, ei aldrande og fordrukken skodespelarinne i New Orleans. Ei ny verd opnar seg, eit liv fullt av lidenskap, eventyr, sex og kjærleik. Ho blir ein del av ein bohemsk, intellektuell vennegjeng i The French Quarter, og for første gong kjenner ho seg fri til å utforske kva som er mogleg i sitt eige liv. Andre verdskrigen og undertrykkinga av farga og homofile ligg som eit ubehageleg slør over forteljinga. I eit kapittel lagt seinare i tid innser Helen at livet og omstenda var annleis enn ho kunne førestille seg. Guden for mareritt er ein roman frå New Orleans om vennskap, kjærleik, fordommar og svik.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter