Ein nylærar set seg fast i lundegarna til ordføraren og nykommarskamma avlar paranoide tankar. På ferja sit Fred Helmer. Han kjem heim i berre skjorta utan sokkar i skorne; men i den mentale bagasjen har han fargerike kolibriar. Jenta i den gule jakka vender heim med lite anna enn smerte. Sansane opnar seg på vidt gap då ho går i land. Ei rift i verda gir endeleg næring til dei som drøymer om undergangen. Kven sa at det var lett å leve i opne landskap? Dette er ein fleirstemd roman. Tidslaga flyt inn i kvarandre, men det er framleis den same fredagen. Staden er eit forblåst stykke land, omringa av hav.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt bok

Produktdetaljer

Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter