GRUNNVERKTØY Denne permen er grunnverktøyet til bruk under førebuing av gudstenesta. Permen er lagd til rette for at fleire skal arbeide saman både med førebuing og gjennomføring av gudstenesta, slik den grunnleggjande visjonen for gudstenestelivet i Den norske kyrkja tilseier. PRAKTISK PERM Materialet er praktisk ordna i ein perm, slik at etter kvart som fleire ordningar og liturgiske tekstar kjem til, kan desse lett setjast inn i permen. LOKAL GRUNNORDNING Det er også ein eigen plass for den "lokale grunnordninga" i kyrkjelyden, som er dei vedtaka soknerådet har gjort for det lokale gudstenestelivet om både praktisk tilrettelegging og korleis den lokale gudstenesta skal feirast. MEDLITURGAR Heile kyrkjelyden er delaktig i gudstenestelivet i kvar enkelt kyrkjelyd. Under leiing av liturgen og kyrkjemusikaren vil fleire delta som medliturgar i kvar gudsteneste. Gudstenestepermen inneheld materiale som kan gi både desse og heile den gudstenestefeirande kyrkjelyden motivasjon og forståing for deltakinga si. FORSTÅING OG RETTLEIING Treng ein hjelp i samband med innhaldet i og utføringa av gudstenesta, inneheld grunnpermen også avsnitt om gudstenesteforståing og rettleiing om dei ulike delane i gudstenesta.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251407533
Publisert
2012
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Eide forlag
Vekt
1413 gr
Høyde
281 mm
Bredde
260 mm
Dybde
90 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Ark