Ein av tre romanar med utspring i forfattarens eigne erfaringar, denne gongen med størst vekt på historia til faren. Gull .; breva frå far miner ei av tre bøker av Hélène Cixous som har utspring i hennar eiga familiehistorie. Saman med dei to andre, Osnabrück (1999, på norsk i 2003) og Blendverk. Opphavlege scenar(2000, på norsk i 2006), utgjer dei ikkje ein sjølvbiografi i tradisjonell meining, men viser i fiksjonaliserte glimt noko av bakgrunnen hennar. Romanen er, som dei andre ho har skrive, sett saman av fleire lag av tidsrom. Her er det breva frå far hennar som er kjernen i boka. Hélène Cixous vart fødd i Algerie i 1937 av ei tysk-jødisk mor og ein algerisk far som var lege. Han døydde tidleg av tuberkulose. Mange år etter finn plutseleg bror hennar ein pappeske i kjellaren med ukjende brev frå faren. Breva kjem som ein person til henne: «Dei ser på meg for første gong, breva frå far min som er så død og synet blendar meg som om eg såg det nakne andletet til elskaren min. Eg kan ikkje sjå på desse trekka utan å skjelve. For første gong skjøner eg at breva frå døde er udødelege. Dei skin så roleg som berre overlevande kan skine.»På ein måte som berre Cixous kan, blir dette startpunktet for utruleg fantasirike filosoferingar kring familie, tid og minne.
Les mer
Boka tar utgangspunkt i Cixous' eiga familiehistorie, og handlinga kretsar rundt ei kasse med brev, skrivne av faren til mora i trulovingstida. Breva teiknar eit bilete av faren, tuberkoloselegen som sjølv døydde av sjukdomen, berre 39 år gammal. Boka er ei av tre bøker kor forfattaren skriv med utspring i eigne familieerfaringar. Dei andre to bøkene er Osnabrück og Blendverk.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205378292
Publisert
2008
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
310 gr
Høyde
195 mm
Bredde
141 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
185

Forfatter
Oversetter