Når kvardagen blir umogeleg å leva i, finst draumane og noko som trekker ein mot ei anna røynd. Knut bur saman med mora, faren og søstera. Han er både kjenslevar og einsam, og meir einsam blir han då mora blir sjuk og til slutt reiser bort. Ho lid av ein djup depresjon. Knut kjenner ei draging mot krefter han ikkje heilt fattar, han anar noko der ute som talar til han og kanskje vil hjelpe han. Er landskapet rundt Knut ein draum? Kan han gå inn i draumelandet og kjenne kulda i snøen? Finst den båten han kan gli gjennom draumane med for å finne att mor? Og kven vil ho vera, dersom han møter henne der? Brorparten av tilværet er ukjent for oss. Skal det utforskast, trengst ein god båt. Og Knut har Glidaren.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788203266317
Publisert
2026
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet

Forfatter