Det er 850 år sidan Halsnøy kloster vart oppretta, som eitt av 27 mellomalderkloster i Noreg og eitt av fem knytt til Augustinar-ordenen. Klosteret vart eit viktig senter både religiøst og kulturelt. Ved utgangen av mellomalderen var det ein mektig jordeigar som prega områda rundt i vid krins. Kva var bakgrunnen for at klosteret vart skipa, og kvifor vart det reist nett på Halsnøy? Kva kan arkeologiske funn fortelje om klosteranlegget? Kven var augustinarane på Halsnøy og korleis levde dei? Kvifor vart klosteret så mektig? Og kva har skjedd med klosteret etter nedlegginga? Dette er den første samla framstillinga av klosteret si mangslungne soge frå grunnlegginga i 1163/64 fram til i dag. I alt 13 forfattarar frå så vel humanistiske som naturvitskaplege fagområde gir ei brei skildring av klosteret og klosterområdet si omfattande verksemd. Boka er rikt illustrert.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788243005280
Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Spartacus
Vekt
1279 gr
Høyde
258 mm
Bredde
220 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
312