Handbok i norrøn filologi har vore eit standardverk sidan den første utgåva kom på norsk i 2004 og på tysk i 2007. Bak boka står eit knippe på ti forfattarar med fagleg tyngd på sine felt og med evne til å formidle stoffet på ein levande måte. Handboka gjev lesarane ei innføring i alle dei sentrale emna i den norrøne filologien om handskrifter, om teksttolking, om runer, om språkleg utvikling og variasjon, om namn og nemne, om dikt og soger, og dessutan om den gamle gudelæra. Ved sida av å vere ein kunnskapsbank for norrønfilologar er boka ei rik kjelde til norsk og islandsk kultur- og teksthistorie i vid forstand. Forfattarane gjev oss innblikk i den mangfaldige norrøne litteraturen og brytinga mellom den gamle åsatrua og kristendommen. Vi får òg vite kva slags skinn som er best eigna i bøker, om korleis dokument vart kopierte for å forhindre forfalsking, om hemmeleg runeskrift og mykje anna. Den tilgjengelege framstillingsforma og fargeillustrasjonane gjer boka til eit lesarvennleg og fascinerande møte med den norrøne kulturen. Andreutgåva av Handbok i norrøn filologi er gjennomgåande revidert og har tre heilt nye kapittel. Supplerande materiale og oppdateringar kan ein finne på nettstaden nofihandbok.no.
Les mer
Boka gir ei innføring i sentrale emne i den norrøne filologien: handskriftene sjølve, tilpassinga av det latinske alfabetet for norrønt, lesing av runer, syntaktisk utvikling frå urnordisk til mellomnorsk, mellomnorsk språk i seinmellomalderen, person- og stadsnamn, norrøn verselære og skaldediktning og hovuddraga i den norrøne prosalitteraturen. Med litteraturliste og register.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245011098
Publisert
2013
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1650 gr
Høyde
246 mm
Bredde
182 mm
Dybde
45 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
797

Redaktør

Relaterte produkter