Harald Seim (1882-1975) var ein viktig sunnfjordkunstnar, med ein stor og allsidig produksjon. Han var fødd på Seim i Nordhordland og kom til øya Kinn ytst i Sunnfjord som fjortenåring. Mange av dei mest kjende norske kunstmålarane på 1800-talet måla bilete frå Kinn. Dette kan ha inspirert Seim, som i ungdomen tok til å måle. Han var i 1909 ein av dei første elevane ved Statens Kunstakademi i Kristiania, med Christian Krohg som lærar. Seim debuterte på Høstutstillingen i 1912. Bileta hans av kystnatur og sjøfuglar vekte oppsikt på ei rad utstillingar i Bergen og Kristiania. I 1921 var han på studiereise til Paris. Harald Seim var aktiv kunstmålar heile livet og laga fleire tusen oljemåleri og akvarellar. Han måla mykje i Florø og elles i Sunnfjord, i Sogn og i Nordfjord - då særleg i Ålfoten og Hyen. Dette er den første boka om denne særmerkte kunstnaren, og er rikt illustrert med kring 90 kunstverk og kring 40 foto.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400831
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
128

Relaterte produkter