Frå innsida av maktkampen i Krf. Hausten 2018 kjempa KrF-leiar Knut Arild Hareide sitt livs kamp. Han satsa alt på å vinne partiet i eit historisk skjebneval. Ja eller nei til regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. I 36 dagar gjennomlevde Hareide og partiet eit drama norsk politikk aldri har sett maken til. Den intense maktkampen enda med at KrF gjekk i regjering med Framstegspartiet. Knut Arild Hareide gjekk av som partileiar. Han hadde satsa alt for det han trudde på. Emil André Erstad var Hareides næraste medarbeidar i denne tida. I «Hareides fall» fortel han ope og brutalt ærleg om kva som skjedde bak kulissane denne skjebnetunge hausten, om striden mellom Hareide og nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og om kva vurderingar Hareide og hans næraste gjorde undervegs. Kva får ein populær politikar til å sette posisjonen og karrieren sin på spel, slik Hareide gjorde? «Hareides fall» er ei intens og medrivande forteljing frå innsida av maktas korridorar, ei forteljing om å stå for det ein trur på.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok