Hilmarfestivalen har gjort tradisjonskulturen meir allmenn, moderne, folkeleg og leveleg. Hilmar Alexandersen folkemusikkfestival er ti år. Med stort og smått har det blitt nærmare 1000 enkeltarrangement. Boka Hilmarfest i 10 år fortel denne reisa: forhistoria, utviklinga og minna frå dei ti første festivalane. Både i ord og bilde, med stemmane og blikka til dei som har gjort jobben, dei som har stått på scena og publikum. Festivalhistoria blir ramma inn av Stiftinga Hilmar Alexandersen sine andre aktivitetar: omdømmebygging, opplevingsproduksjon, aktivitetar for barna og unge, artistformidling og bransjeutvikling. Til saman har dette gjort tradisjonskulturen meir levande for publikum og meir leveleg for utøvarane. Hilmarfestivalen fremjar tradisjonskulturen ved å utvide omgrepet: Paradoksalt, umulig og sjølvsagt. Gjennom ein trygg ståstad, sjangerblanding, mangfald og nye uttrykk har festivalen utvikla omgrepet tradisjonskultur. Akkurat som Hilmar . som med den unike musikaliteten sin lefla med fleire stilartar og blei både rikskjendis og popartist på sine eldre dagar.
Les mer
Forord av Odd Sæheim, Jostein Aardal og Morten Stene

Produktdetaljer

ISBN
9788292577950
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Embla Forlag AS
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
137