Fjell festning er ein spennande plass med ei rik og overraskande internasjonal historie. Historia begynte med bygginga av Hitler-Tysklands Atlanterhavsvoll, som skulle forsvara den vesteuropeiske kysten mot invasjon frå Storbritannia. Bygginga av festninga førte til ei dramatisk «arbeidsinnvandring» til bygda Fjell. Mellom 1942 og 1945 kom det tusenvis av tyske offiserar, sivile arbei-darar frå Norge, Tyskland og Belgia og ikkje minst store kontingentar med sovjetiske krigsfangar til festningsområdet. Eit stort tysk kystartilleri og festningsverk voks fram, fylt med våpen og bun-kerar av ymse slag. Boka formidlar nokre av desse historiene i ei samling av artiklar. Dei fleste historiene er frå krigens dagar, men også etterkrigstida fram til dagens museumsdrift er med.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281632196
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kapabel Forlag AS
Vekt
622 gr
Høyde
247 mm
Bredde
179 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
207

Relaterte produkter