Etter romanane Stupet, Tellus 89, Fabrikken og sjangerblandingsboka Den andre - Kvinna i Berjaflotvegen kjem i år Øivind H. Solheim si femte bok Hjartet blir aldri fullt. Dette er Solheim første reine diktsamling, ei bok som i form og innhald presenterer seg midt i det norske lyrikklandskapet. Boka vil inspirera nokre lesarar til innsikt og ettertanke, mens andre vil finna dikt i boka som passer til bruk i kvardagslege situasjonar. Slik er boka ei samling bruksdikt, og mange lesarar vil nok oppleva boka som eit arsenal av kvardagsdikt som kan gi innspel til samtale og ettertanke. Hjartet blir aldri fullt er Solheim si første diktsamling. Dikta i denne boka handlar - i likskap med mykje anna dikting - i stor grad om det å vera menneske blant medmenneske. Språket generelt, og særleg språket brukt i dikt, eignar seg veldig godt til å beskriva situasjonar, kjensler og ting som hender i menneske og mellom menneske. I dikta i denne boka handlar det i stor grad om individet, subjektet, og om subjektet sitt forhold til andre menneske. Dikta handlar mykje om det mellommenneskelege, om einsemd, lengsel og kjærleik, og om å finna meining i tilværet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299784146
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fiksjonsforl.
Vekt
290 gr
Høyde
228 mm
Bredde
148 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
130

Relaterte produkter