2019 er eit år med fleire historiske merkepelar om ruteferdsla og båtane til HSD. For 165 år sidan, i 1854, gjorde hjulbåten Patriot den første freistnaden på rutefart mellom Bergen og Hardanger; for 150 år sidan, i 1869, kom Hardangeren i fart på same strekninga; for 90 år sidan, i 1929, fekk HSD sitt sist dampskip, Aalvik; for 70 år sidan, i 1949, vart Sunnhordland sett inn i Sunnhordland Snøggruter; for 60 år sidan, i 1959, kom Oddabåten Hardangerfjord; og for 20 år sidan, i 1999, gjekk Bremnes, den siste godsbåten, ut or HSD-flåten. Bård Kolltveit, pensjonert direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum, har m.a. skrive bøkene til 100- og 125-års jubilea i HSD. Heilt sidan barndomen har han kjent seg nært knytt til selskapet, framfor alt til passasjer- og lastebåtane. I denne boka får 38 HSD-båtar, med unntak av bilferjer, snøggbåtar og leigebåtar, sin omtale, bygd på ein serie artiklar i meldingsbladet HSD-posten frå 1960- til 1980-talet, med tillegg av eit par skip som høyrer naturleg med i framstillinga.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281632134
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kapabel
Vekt
1083 gr
Høyde
280 mm
Bredde
210 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
191

Forfatter