Verdsklassikar endeleg i revidert utgåve. Huck Finn er lei av den strenge oppdraginga til Douglas-enkja, men når hans fordrukne og brutale far plutseleg dukkar opp igjen, er livet ikkje noka moro lenger. Han flyktar frå hytta i skogen der faren har sperra han inn, medan han drikkar seg full i byen. I lag med slaven Jim som også er på rømmen, reiser han på ei flåte nedover Mississippi-elva. Dei er på veg til nordstatane der Jim kan få oppfylt sin store draum om å bli eit fritt menneske. Men i staden hamnar dei midt i slaveriets rike. På turen møter dei både kongar og hertugar og andre rare folk, og opplever mange både spennande, morosame og av og til også litt farlege eventyr. Huck Finn og eventyra hans er ein verdsklassikar for både barn og vaksne. Mark Twain som sjølv kom frå ei slaveeigarslekt, dreg oss med tilbake i ein tidsepoke der slaveri og rasistisk diskriminering var kvardags kost.
Les mer
Sammen med slaven Jim flykter Huck Finn fra faren, som også heter Jim. De har tenkt seg til en by hvor Jim kan komme seg til nordstatene og bli fri, men havner midt i Mississippi, i slaveriets rike.
Etterord av Simone Stibbe. Mark Twain er pseudonym for Samuel Langhorne Clemens. Sidetall hentet fra trykt utgave, 2012

Produktdetaljer

Publisert
2012
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter
Other primary creator