I Huldra, draugen og fanden sjølv blir vi kjende med eit rikt utval segner frå heile Sogn og Fjordane. Dette er første gongen det blir gjeve ut ei samling der alle kommunane i fylket er representerte. Til saman 77 segner i alle sjangrar, frå ytst i Fjordane til inst i Sogn. Vi møter forførande huldrer og prestar med Svartebok, trollkjerringar og hamløyparar, gygrer og sterke menn. Og vi får høyre at både Fanden og Vårherre har gjesta fylket. Utvalet gjev oss segner som har levt på folkemunne i generasjonar - og som framleis fengslar lesarar i alle aldrar. Ove Eide har redigert utvalet og skrive etterord. Finn Egil Eide sine bilde er fargerike medspelarar til tekstane.
Les mer
Boka inneheld til saman 77 segner frå Sogn og Fjordane. Alle kommunane i flyket er representerte med minst to segner. Har litteraturliste.

Produktdetaljer

ISBN
9788282400459
Publisert
2011
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
127

Illustratør