Nei å nei, Du å du og Fy å fy samla i ei bok! I 1995, 1996 og 1997 gav Jon Fosse ut dei tre Hundemanuskripta. Tekstane er umiskjenneleg Fosse, men med ein lett, humoristisk og underfundig tone. Bøkene har lenge vore utselde, men endeleg er hundehistoriene no å få tak i - alle tre samla i éi bok. Hundemanuskripta 1 er ein fabel om hunden Websterr. Han lever eit roleg og sutlaust liv saman med gamle Oline, men har alltid ønskt å vere den einsame hunden Websterr som streifar omkring i skog og mark og hjelper ei lita hundemor som er i naud! Hundemanuskripta 2 har den same underfundige tonen. Langt inne i ein fjord, i eit naust, bur den aldrande hunden Olav åleine. Han har ein venn, ungkar som han sjølv, som bur oppover mot fjellet. Ein dag då Olav skal besøkje kameraten, møter han den finaste by-hundedama han nokon gong har sett. I det tredje Hundemanuskriptet er vi på ei frakteskute som går mellom bygd og by, med singel og sand. Om bord er skipper Moreld og skipshunden Haktor og dessutan labanen Einar, som aldri har likt skipshunden Haktor, men nett det har skipshunden Haktor lært seg å leve med.
Les mer
Innhold: Nei å nei ; Fy å fy ; Du å du

Produktdetaljer

ISBN
9788252196467
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
251 gr
Høyde
198 mm
Bredde
137 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
149

Forfatter