Dankert Valden og Tryggve Karlsson er eigedomsmeklarar. Dei har eit oppdrag, å selje eit hus på ein liten plass i utkant-Noreg. Huset dei skal selje ligg på den plassen der Valden er oppvaksen, og der han ikkje har vært sidan han brått flytta nokre år tilbake. No er faren død, og garden skal seljast. Men Valden har andre planar. Attende på heimplassen råkar han på kona Hjørdis, som no bur i lag med ein annan mann. Med stort overskot og humor har Tormod Haugland skrive ein heilstøypt roman som og låner trekk frå melodramaet, om ei heimkome som inneber både ei byrjing og ein slut, og der nesten alt kan hende. Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen "Under" i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. For tida er han dagleg leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Les mer
Dankert og Tryggve har fått i oppdrag å selje eit hus på ein liten plass i utkant-Noreg, Dette er same plassen der Dankert er oppvaksen. Her har han ikkje vært sidan han brått flytta nokre år tilbake. No er faren død, og garden skal seljast, men Dankert har andre planar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249503698
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
310 gr
Høyde
136 mm
Bredde
211 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175

Forfatter

Relaterte produkter