Boka er ei forteljing om kunstmålaren Jacob Gløersen (1852-1912), som hørte til "Gullalderen" i norsk målarkunst. Ein heil koloni av komande stjerner drog til München for å studere midt på 1870-talet. Dit reiste Harriet Backer, Kitty Kielland og Eilif Petersen, og snart etter kom Erik Werenskiold, Christian Skredsvig, Jakob Gløersen, Theodor Kittilsen, Gerhard Munthe, Fredrik Kolstø og Nils Bergslien for å nemne nokon. Da Gløersen kom heim att frå München, var han fast bestemt på kva for bildekunst han ville via livet sitt til. Han var no overbevist naturalist og friluftsmålar, og i tråd med naturalismen sin kunstfilosofi og dei nasjonale straumane på denne tida, ønskte han å formidla norsk identitet gjennom natur og folkeliv. Han vant snart stort ry, og vart rekna som ein av dei store kunstmålarane medan han levde. Han deltok på internasjonale utstillingar, og vann sølvmedalje på Verdensutstillinga i Paris 1889 og gullmedalje på den Internasjonale utstillinga i München 1891. Det nystarta Nasjonalgalleriet skaffa seg 27 måleri og teikningar av han, i den trua at han i framtida ville bli ståande som ein viktig representant for denne perioden i norsk målarkunst. Boka er i fyrste rekke ei forteljing frå livet som biletkunstnar her i Norge rundt forrige århundreskifte. Forfattaren går i fotspora til Gløersen, gjennom dei 140 breva han har sendt til venene sine, i hovudsak Gerhard Munthe og Erik Werenskiold. Med breva som hovudkjelde, supplert med presseklipp, katalogar og kunstbøker, teiknar han eit bilete av eit kunstnarliv slik det arta seg på den tida. Sitat frå breva er bunde saman med forfattaren sine eigne kommentarar, og gjer at lesaren etter kvart synes at han kjenner denne mannen ganske godt.
Les mer
"Boka er flott illustrert med bilete av mange av målarstykka til Gløersen. Dessutan inneheld ho ei verdifull kartlegging av alle bileta hans, kva tid dei kom, og kva som hende med dei."

Produktdetaljer

ISBN
9788230339589
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lid Forlag
Vekt
1400 gr
Høyde
290 mm
Bredde
210 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
224

Forfatter

Relaterte produkter