Inn i livet er eit læreverk for RLE-faget 1.-7. trinn. RLE-faget er stort og omfattande, men Inn i livet gir faget struktur og oversikt. Ved å gå frå det nære til det fjerne vil elevane møte kunnskapsstoffet med deira eigen kvardag som utgangspunkt. Gjennom tekstar og oppgåver gir vi elevane eit tematisk og samanliknande perspektiv på religionar, livssyn og etikk. Inn i livet er utarbeidd etter læreplanen frå 2008. I Inn i livet 4 Elevbok er organisert etter ulike tema der alle religionar og livssyn blir presenterte på ein likeverdig måte. Hovudtema i Inn i livet 4 Elevbok er personar. Her blir viktige personar frå filosofi, livssyn og religionar presenterte. Frå filosofien møter elevane Sokrates. Frå religionane får elevane først og fremst møte Jesus, Muhammed, Buddha, Krishna og Moses gjennom forteljingar og bakgrunnstekstar. Inn i livet 4 Elevbok aktiviserer elevane gjennom eit godt utval oppgåver tilpassa ulike nivå. Dei ulike oppgåvetypane er markerte med ikon som tydeleg viser elevane kva slags arbeid som er venta av dei. Inn i livet 4 Elevbok er rikt illustrerte med varierte og engasjerande oppgåver som gir elevane høve til å nytte ulike læringsstilar for å tileigne seg stoffet. Inn i livet 4 Elevbok er fleirårsbok.
Les mer
Boka presenterer religioner og livssyn som vi møter i Norge i dag sammenlignende perspektiv. Boka inneholder korte tekster og aktiviteter.
Katalogisert etter omslaget

Produktdetaljer

ISBN
9788252177954
Publisert
2011
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
620 gr
Høyde
283 mm
Bredde
214 mm
Dybde
11 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
109