Ishavet har hatt ei uimotståeleg dragning på nordmenn i fleire hundreår. Ei kald og mektig øydemark som med overveldande prakt og nådelaus natur har lokka generasjonar av eventyrarar og fangstfolk. Villige til å utfordre det ukjente for eit utkome. Eller berre for å oppleve det. I spinkle farkostar eller primitive vinterhytter sette norske fangstmenn livet på spel for draumen om det store varpet. Ishavssoga er full av dramatiske historier om dei som ville og våga, om nyfiken utferdstrong og ufatteleg vågemot. Om dei som lykkast og kom heim, nokre som berre kom heim - og mange som vart igjen der ute. I denne boka losar Gunnar Myklebust oss gjennom fleire hundre år med norsk fangsthistorie, frå veidemennene i mellomalderen til den internasjonale kampanjen som knekte norsk selfangst. Boka er utstyrt med mange flotte fotografi og illustrasjonar. Boka har ei liste over alle skutene som drog til ishavet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252184143
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
966 gr
Høyde
248 mm
Bredde
178 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
382

Forfatter