"Ishavsskuter III" fortel historia til fleire av dei mest kjende norske ishavsskutene: "Veslekari" var i ei årrekkje flaggskuta mellom dei norske selfangarane. Skuta vart særleg kjend for sine mange ekspedisjonsturar til arktiske farvatn. "Kvitøy", under namnet "Norvegia", dreiv utforskingsarbeid i Antarktis og var første norske skute som sigla rundt Sørpollandet. "Polarbjørn", skuta som alltid kom fram, vil bli hugsa for bergingsaksjonen i Nord-Atlanteren i 1939 og for innsatsen under den andre verdskrigen. Og "Bratvaag" løyste gåta om kva som hadde hendt med Andrée-ekspedisjonen, som prøvde å nå Nordpolen i 1897. Også dei andre 21 skutene som denne boka omtalar, har si spesielle historie som gir innsyn i ei næring prega av håp om storfangst, men som ofte enda med forlis og magert utbyte.
Les mer
Denne boka fortel historia til selfangstskutene som kom til Sunnmøre i dei vanskelege mellomkrigsåra, bl.a. "Veslekari", "Kvitøy" og "Polarbjørn. Boka gir eit innblikk i ei næring prega av håp og storfangst, men der dei fleste skutene avsluttar si historie med forlis. Med båtregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299530828
Publisert
2008
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fotoarkivet
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
144

Forfatter