Varme og vakre vottar. Eit par strikka vottar med vakkert mønster av godt garn er ein skatt som skal brukast og nytast i årevis. Her får du oppskrifter på vakre, varme og slitesterke islandske vottar. Boka byr på eit mangfald av teknikkar, mønster og stilar, og alle dei ulike vottane har si eiga historie. Det einaste tekstilmuseet på Island ligg i bygda Blöndós nord på øya. Der finst det ei unik samling med vottar frå 1800- og 1900-talet. I denne boka får du desse gamle og tradisjonelle vottane i nye og moderne versjonar. Oppskriftene er moderniserte og mønstera rekonstruerte. Her er vottar for den nye strikkaren, men også den erfarne. Boka inneheld bilete av dei gamle vottane som finst på museet, men også strikka opp i nye og ulike fargar for inspirasjon. Boka har trinnvise instruksjonar som er nyttige same kor erfaren ein med strikking. Gudrún Hannele Henttinen er utdanna innan tekstil, og har undervist i strikking i mange år. I meir enn eit tiår har ho også vore eigar av garnbutikken Storkurinn i Reykjavik.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234006340
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
1010 gr
Høyde
246 mm
Bredde
206 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
272

Oversetter

Relaterte produkter