Jakob og Neikob i klimatrøbbel. Bestevennene Jakob og Neikob steller i hagen da. Spinnvill fyk forbi på veg til fabrikken. - Kan du verkeleg lage alt mogleg? spør Jakob og Neikob. - Alt mogleg på ein blunk, svarer Spinnvill. Jakob og Neikob blir imponerte og fyller opp huset med billass av alt mogleg. Men kor skal Neikob få plass til pusterommet og boltreplassen no? Då Stormen kjem og tek Jakob og Neikob opp i lufta, oppdagar dei noko dramatisk. Kloden har forandra seg. Han er full av søppel. Då skjønner dei at noko må gjerast: Dei må hjelpe Spinnvill. No veit dei akkurat kva ho må lage i fabrikken sin. "Jakob og Neikob. Stormen" er den sjette boka om det prisvinnande paret Jakob og Neikob.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252199352
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Jakob og Neikob
Vekt
374 gr
Høyde
273 mm
Bredde
216 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet

Forfatter
Illustratør

Relaterte produkter