Om boka Sjarmerande og ellevilt! Det er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens badar med Gulla, leitar etter firkløver, har klubbmøte i trehytta - ja, dei gjer alt det kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet. Og snart skal ein gut flytte inn i Kråkeslottet. No skal dei bli tre - det må jo bli trippelt så kjekt! Men når den nye guten kjem, forstår Alvar at sommaren blir ganske annleis enn han har sett for seg. Det blir sjalusi, krangel og forviklingar. Alvar må finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt. Om forfattaren hristian Wiik Gjerde (f. 1981) voks opp i Tjørvåg i Herøy kommune på Sunnmøre og er busett i Oslo. Han er utdanna pedagog, og har jobba som lærar, programleiar i NRK Super/NRK P1 og som produsent i Rikskonsertane. Jakta på firkløveren er hans debutbok.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok