Det er en historie fra okkupasjonen med monumentale dimensjoner. Arne Skouen, Dagbladet I krigsåra 1940-45 vart 736 norske jødar deporterte og drepne i tyske konsentrasjonsleirar. Dette er eit svart kapittel i norsk historie, og litteraturen om deportasjonane og dødsleirane er omfattande. Mindre kjent er historia om alle dei som vart berga - dei som vart varsla, sendt i dekning og smugla ut av landet. I alt 1100 slapp unna arrestasjon og deportasjon på denne måten. Dei som hjelpte jødane var motstandsfolk og andre frivillige - sivile menn og kvinner som sjølv risikerte livet. I denne boka møter vi mange av dei som var involverte i redningsaksjonane, både jødar som vart redda ut og hjelperane deira. Ragnar Ulstein fortel historia gjennom lagnaden til einskildpersonar og familiar, og går tett inn på korleis jødane opplevde tiltakande trakassering og forfølgjing. Dramatikk, angst og spenning møter lesaren i dei mange redningshistoriene, men også heltemot, hjartevarme og medmenneskeleg handlekraft.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter