Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Herborg Kråkevik, som er redaktør for det vakre juleheftet, vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul. Juleroser 2017 har bidrag frå Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Geir Gulliksen, Kari Bremnes, Synnøve Macody Lund, Alf Prøysen, Håkon Bleken og mange andre. Rikt illustrert med bidrag frå dei beste biletkunstnarane. Tre vakre kunsttrykk inkludert. «Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, for både deg og dei som kjem etter.» Herborg Kråkevik (f.1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar, om det no er den franske kabaretforma: Herborgs verden, Eg og Edith, Kjære landsmenn, eller songane våre: Kråkeviks songbok. No har Kråkevik vekt til live den gamle tradisjonen med litterære julehefte; Juleroser har blitt eit av dei aller mest etterspurde julehefta i juletida.
Les mer
Heftet inneholder tre løse kunsttrykk av Håkon Bleken, Lisa Aisato og Håvard Vikhagen. Omslagstittel

Produktdetaljer

ISBN
9788242957856
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Egmont Kids Media Nordic AS
Høyde
297 mm
Bredde
210 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
77

Redaktør

Relaterte produkter