Året er 1967. Verda står på kanten av ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av byen, frå Coney Island til 42nd Street, og etter kvart til det berømte runde bordet på nattklubben Max's Kansas City, der Andy Warhol heldt hoff. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel. Just Kids er ei varm og inderleg kjærleiksforteljing frå Smith til den elska vennen Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv tidleg på 1970-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskrinsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire. Til norsk ved Brit Bildøen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252193695
Publisert
2017
Utgave
3. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
322 gr
Høyde
200 mm
Bredde
128 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
315

Forfatter
Oversetter

Relaterte produkter