- Berre vent, sa Hilda, rimeleg sikker. - Den gutungen blir det aldri folk av. De ska få sanne mine ord. Og det såg ut som ho skulle få rett. For Norvald var ikkje som dei andre ungane. Ein unge skulle vere snill og stillfarande, sitje roleg ved bordet, ikkje snakke i utide og slett ikkje stygt, og vere lydig imot foreldra. Og sjølvsagt: ikkje tru om seg sjølv at han var noko. Og framfor alt: Han måtte ikkje stelle seg slik at han førte skam over foreldra. Norvald Tveit voks opp i Bøfjorden i ytre Sogn på 1930-talet. I denne boka ser han tilbake på oppveksten sin som eit sokalla uekte barn frå han kom til pleieforeldra sine som baby og fram til 11-12-års alderen. Det skarpe blikket og humoren utvikla han tidleg. Også evna til å bry seg om dei som hadde det verre. Han fortel levande og med glimt i auge om livet i gamle dagar, der ungane måtte ta del i arbeidet frå dei var ganske små. Vi får også høyre om første bilturen, den magiske grammofonen, skulen og naboane. Slikt blir det gode historier av. Og han sler hardt ned på behandlinga av .tylene", dei funksjonshemma, som ikkje alltid hadde det så godt rundt på gardane.
Les mer
"Dette er ei lettlesen, medrivande bok. Ein pageturner, som dei seier på engelsk. Bygda Norvald Tveit vaks opp i, og dermed også boka han skriv om den grenda, er som eit møte med forfattaren sjølv: Rå, rett frå levra og giftig som faen, for å halde oss i forfattaren sin eigen språkbruk. Og ei oppleving du aldri gløymer.«Kan det kan bli folk av slikt» er eit verdig punktum for ei forfattarkarriere få, om nokon, i dette fylket har gjort maken til.".
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401555
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
440 gr
Høyde
212 mm
Bredde
135 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
288

Forfatter

Relaterte produkter