- Kan vi arbeide med metodar i skulen utan å trekkje inn innhald og mål? - Kva kan digital teknologi gje av pedagogisk meirverdi? - Kan tysk danningsteori framleis vere til hjelp til å forstå undervisning og læring? Denne boka handlar om det som skjer når danningsteori møter utfordringane med digital teknologi i skulen og særleg med bruken av mobile einingar (m-læring) i lærarutdanninga. Undervisningstema som er drøfta, er filosofi og etikk, engelsk litteratur og kunst og handverk. Sentrale perspektiv er henta frå den tyske teoretikaren Wolfgang Klafki (1927-2016). Klafkis kategoriale danningsteori blir kritisk drøfta i lys av dagens digitale utfordringar, og mottakinga av teorien hans i norsk pedagogikk og didaktikk blir òg vurdert. Forfattarane argumenterer for at Klafki framleis er aktuell. Eit sentralt poeng for Klafki var at danning er tosidig; ho har alltid både ei formal og ei materiell side. Vi kan ikkje «lære å lære» utan å lære noko. Han peika også på at det konkrete emnet har ei generell side, ein kategori, av større eller mindre danningsverdi. For å kunne velje læringsstoff og metode, må læraren og læreplanmakaren må ha ein fagleg idé om kva dette kan vere. Boken er også tilgjengelig i open access-utgave på Idunn.no.
Les mer
På omslaget: Open access

Produktdetaljer

ISBN
9788215029467
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
192

Redaktør