Er realismens meisterforfattar, Alexander L. Kielland, eigentleg melodramatikar? I denne boka peikar Jan Inge Sørbø på dei mange melodramatiske innslaga i Kiellands skrivekunst. Alexander L. Kielland (1849-1906) skapte ei realistisk romanform som ettertida har sett på som mønstergyldig for realismen i 1880-åra . ein kombinasjon av elegante formuleringar, skarpe observasjonar og politisk tendens som framleis gjer inntrykk. Men kva ligg i omgrepet .realisme.? Og er ikkje realismens meisterforfattar, Alexander L. Kielland, eigentleg melodramatikar? Personane hos Kielland avslører seg i avgjerande scenar som utvitydig gode eller vonde, dei døyr i affekt eller blir offer for usannsynlege samantreff. Situasjonar og lagnader er konstruert slik at dei skal gjera maksimalt inntrykk på lesaren: Uskuldige barn eller kvinner går til grunne, medan vondsinna maktmenneske i samfunnet triumferer. Romanane hans er spenningsfylte, dei rommar kritikk av kollektive institusjonar, og ei stor tru på det sannferdige individet. Sørbø freistar å kartleggja dette melodramatiske mønsteret med utgangspunkt i debutromanen Garman & Worse og fylgjer opp med analysar av Arbeidsfolk, Gift, Sankt Hans fest og Jacob. Han peikar også på korleis dette mønsteret er mest tydeleg i dei første bøkene, medan dei siste endrar seg meir i retning av det satiriske. Kanskje var Kielland aller best når han var melodramatisk?Jan Inge Sørbø (f. 1954) er professor ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Han har utgitt ei rekke bøker, både sakprosa og skjønnlitteratur. Pegasus . Gyldendals forfattarskapsstudiarGyldendals Pegasus-serie presenterer engasjerte og lærde studiar av sentrale norske forfattarskap. Verka til forfattaren vil stå i sentrum i denne serien, men forfattaren sjølv blir ikkje på noko vis sett i parentes. Det er forfattarsignaturen som bind saman dei ulike verka i ein forfattarskap. Å leite etter dei særmerkte estetiske, tematiske og idéhistoriske linjene i forfattarskapen vil vere eit v
Les mer
I denne boka peikar forfattaren på melodramatiske innslag i Kiellands skrivekunst, og han freistar å kartleggje det melodramatiske mønsteret med utgangspunkt i debutromanen Garman & Worse. Han fylgjer opp med analysar av Arbeidsfolk, Gift, Sankt Hans fest og Jacob, og peikar på korleis dette mønsteret er mest tydeleg i dei første bøkene, medan dei siste endrar seg meir i retning av det satiriske. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205337329
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
380 gr
Høyde
160 mm
Bredde
230 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
156

Forfatter

Relaterte produkter