Noreg har eit ekstremt forhold til kjøpesenter. Vi har det største talet kjøpesenterkvadratmeter per innbyggjar i Europa. Fordelar vi talet kvadratmeter til innbyggjarane i landet, vil kvar innbyggjar få nesten éin kvadratmeter kvar. Nestemann på lista, Sverige, har halvparten så mange kjøpesenterkvadratmeter som oss. Samtidig er vi det landet med fleste bilbaserte kjøpesenter utanfor bysentrum. Det samla salsarealet til kjøpesenter i Noreg har i tillegg nærast dobla seg på ti år. Ein vedvarande katastrofe, kallar ekspertar denne trenden, for kjøpesenterutviklinga fremjar bilbruk og hindrar mjuke trafikantar og kollektivtrafikk. Journalist og forfattar Ronny Spaans har besøkt 34 byar og bygdebyar teke denne utvikling på pulsen. Han har òg undersøkt andre trendar i stadutviklinga som skaper debatt: utbygging av kulturhus og sjøsider. Noreg er i ein av dei største arkitektoniske omformingsprosessane i historia. Diskusjon om fjordbyen Oslo har vore framme i riksmedium. Men debatten om stadutvikling på mindre stader har det vore stilt om. Ikkje eingong utviklinga av den nye bydelen i Trondheim, Brattøra, har vore diskusjonstema. Denne boka går inn på desse trendane og viser at det er all grunn rope varsku, for utviklinga gjer noko med Noreg. Vi er i ferd med å misse den tradisjonelle norske bygdebyen, slik vi kjenner han - ei samling av småskala, intime trehusgater.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282651448
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Dreyers forl.
Vekt
833 gr
Høyde
250 mm
Bredde
235 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
97

Forfatter