Hundre år etter den russiske revolusjonen og fem hundre år etter reformasjonen oppstår ein diktarleg tale om fråvær av fellesskap i vår tid. Er fellesskapen død? Og om så er: Er det mogleg å vekkje han opp? Leif Høghaugs andre diktbok utforskar ein idé om korleis fortidas messianisme kan verke i notida for å skape ei ny framtid. Kommunion 2017 blir til i spennet mellom lyrikk og prosa, elegi og humor, dialekt og skriftspråk, og framstår som ein samtale med ei rad messianske forfattarar: Marx, Luther, Dante, Shakespeare, Lenin, Hölderlin, Yeats, Joyce ... Leif Høghaug (f. 1974) er utdanna litteraturvitar, har undervist ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har skrive bokmeldingar og essays for ei rekkje aviser og tidsskrifter. I åra 2010-2015 arbeida han som redaktør i Bokvennen Forlag. Han debuterte skjønnlitterært i 2012 med diktboka Fama, og er også aktiv som omsetjar. Han har mellom anna gjendikta Julian T. Brolaski frå amerikansk, og arbeider med å omsetje James Joyces Finnegans Wake til norsk.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter