Skjebnetung familiesaga frå Napoli Frå toppen av Capodimonte ser Rosa utover Napoli. Ho sit ved dødsleiet til mor si, Vincenzina, og snakkar til sjela hennar. For å lindre alle sår som har sett eit uutsletteleg preg på livet til dei begge, kallar ho fram historia til mora: Ungjenta Vincenzina drar frå ei fattig landsbygd, møter Rafele, son av ein fallen overklassefamilie. Ho giftar seg med han utan velsigninga til mor hans og flyttar til den fattige åsen i Napoli der Rosa veks opp. Kritikarroste Wanda Marasco tek oss med til eit kaotisk og brutalt Napoli. «Kompaniet av dikta sjeler» er ei forteljing om tre slektsledd kvinner, om overgrep, sjukdom, galskap og kjærleik, som beveger seg mellom livet og døden i ein by med ein nekropolis under brusteinane. Marasco, kortlista til den prestisjetunge Strega-prisen både i 2015 og 2017, viser oss eit sanseleg, mystisk og skjebnetungt Napoli.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252196030
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
354 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
230

Forfatter
Oversetter

Relaterte produkter