Lars Petter Sveen si debutbok er ein særmerkt blanding av distanserte og samtidig merkeleg frimodige ytringer, knusktørr usentimentalitet og storslåtte natur- og lysskildringer. Nytt står mot gamalt i den vesle bygda Fræna, og vi møter politisk svært ukorrekte menneske: lokalpolitikaren som juksar seg til valsiger, mobben som marsjerar mot ordføraren sitt hus, og guten som mistenkjer at foreldra puttar sovemedisin i maten hans. Møt unge menn som prøver å køyre vekk frå Fræna, køyrer andre i hel og freistar leva med det, eller som jagar asylsøkarar gjennom skogen. I Lars Petter Sveen sitt Fræna reisar døde seg midt på lyse dagen, og innbyggjarane ber på mørke løyndomar. Politikk, eventyr og grøsser glir over i kvarandre. Det er ikkje godt å seie kva som er mest uhyggeleg.
Les mer
Boka inneheld 12 noveller med handling lagt til Fræna. Vi kan blant anna lese om ein lokalpolitikar som vinner valet ved å jukse, unge menn som jagar asylsøkarar, og andre innbyggarar med mørke løyndomar. Forfattaren er debutant.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2012
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
E-bok

Forfatter