Fleire og fleire forfattarar nemner musikk og film som viktige påverknadskjelder. Samtidig har det byrja å dukke opp stemmer som også slår eit slag for at videospel vil kunne kome til å ha den same påverknadskrafta. Det er difor i ferd med å openberre seg ein interessant tanke: Ikkje berre litteratur skaper litteratur. Film, musikk og videospel skaper også litteratur, og litteratur skaper videospel, musikk og film. Kraftsentrum nr 6 prøver iherdig å finne ut korleis: John Erik Riley, Mattis Øybø og Kari Marstein tenker høgt om videospelas betyding for litteraturen, mens dei spelar videospel. "Håpet er at bøkene mine blir bedre av all musikken de har hørt", skriv Tore Renberg i essayet "Musikken og meg", mens Johan Harstad har skrive eit entusiastisk essay om Wes Anderson, som han kallar vår generasjons Woody Allen. Olav H. Hauge, Michel Gondry, og filmane Sin City og 300 blir også lagt under lupa i løpet av tidsskriftet, og Melissa Gjellstad gir ein interessant diskusjon av fenomenet chick lit, og dens avartar, og påpeikar sjangerens utvikling frå feministisk initiativ til ynda forlagsmerkelapp. Av andre høgdepunkt kan det nemnast at Jon Øystein Flink går laus på Bob Dylan i sitt essay om forfattarskap og musikalitet, og Øystein Vidnes har levert ein teikneserie om filmmeldarskap. Kraftsentrum er også stolte over å presentere ein ny sjanger: kortfilmtekstar skrivne av Ingeborg Arvola, Mikkel Bugge, Joakim Kjørsvik, Ellisiv Lindkvist, Ulf Karl Olov Nilsson og Tale Næss.
Les mer
Tidsskriftet har to delar, med artiklar om film, musikk og videospel i første del. Andre del tar spesielt for seg tekstar om kortfilm.
Omslagstittel

Produktdetaljer

ISBN
9788204155153
Publisert
2008
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Damm
Vekt
413 gr
Høyde
228 mm
Bredde
199 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Heftet
Antall sider
137