I denne prosasamlinga følgjer vi ein gut i gata og området han veks opp i, og observasjonane han gjer seg. Blikket hans er retta mot den til dels skremmande og uforståelege vaksenverda, representert ved dei eldre gutane, naboar, foreldre, tanter og onklar og besteforeldre. Situasjonane er både skeive, humoristiske og smått absurde. Det handlar om fotballspeling, om å lære å sykle, om ein far som var bakar, om å vere avisbod om natta, men også om å tenne på gras, om steinkrig, om korleis ein skaffar seg gratis pengar, og om det å sykle til byen for å stele og køyre heis. Arild Rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter