Ei lysande historie om mørke gjerningar. November 1943. I same natt blir to brør tekne og torturerte av Gestapo: Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden og tungtvassabotør Knut på Kongsberg. Knut gjennomfører ei farefull flukt. Ottar svelgjer ei sjølvmordspille, men får eit liv etter sjølvmordspilla, eit liv i dødsleiren Stutthof. Heime på Rjukan døyr far Olaf i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild byrjar å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine. Samtidig finn sonen Ottar penn og papir i konsentrasjonsleiren. Dette er ei uhyggjeleg forteljing om dei mørkaste djupa i menneskesinnet, men samtidig ei lysande historie om å overleve barbariet gjennom samhald og solidaritet.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter