Det er natt til 9. april 1940. Ved befalsskulen førebur elevane seg til eksamen i feltarbeid. Så går alarmen. Seinare blir to systrer sende ut i natta for å levere ein tung beskjed. Elleve ungdomar stel ein fiskebåt og set kursen vestover. Tilbake sit ein ung mann i arresten og ventar på å bli skoten. Snart ber ein hybelvert den unge gymnasiasten Abraham om å reise før det er for seint. Samtidig som ein russisk fange byter dei vakraste gjenstandar mot ullestar og brød. Til slutt pakkar ein einsleg tysk soldat sekken før han kler av seg og marsjerer mot havet. Då har allereie vesle Isak flykta mot grensa til Sverige. Men kjem han fram? For kven kan ein eigentleg stole på? Kven er ven - og kven er fiende? Personane i desse novellene lever i skuggen av dei store hendingane under krigen. Gjennom kronologiske glimt vert brutale krigsscener så vel som daglegdagse bekymringar framstilte nært og levande. Vanlege menneske vert stilt overfor vanskelege val og dilemma. Historiene tematiserer krigens desperate kjensle av usikker framtid, om ein er soldat, flyktning, student, arbeidar - eller berre eit barn.
Les mer
«Orten avkler karakterane uniformar eller slitte arbeidsklede, og skildrar dei med andedrett, med bein som løper og auger som ser, eller ikkje ser. I dette samlast fleire av litteraturen, og særleg denne novellesamlinga, sine mulegheiter. Mulegheita for a. skildre kva det er a. vere eit menneske.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234002274
Publisert
2020
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
279 gr
Høyde
211 mm
Bredde
135 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
155

Forfatter

Relaterte produkter