Kristian Hus - rosendeling, husnesing, typograf, journalist, disponent, radiostemme, ankermann, skribent, friidrettsutøvar. Ein som har runda 80 år og sett Kvinnherad veksa, bygt opp ei lokalavis, vore med å oppfostra to barn, budd på Svalbard, laga lokalradio og -fjernsyn, vore soldat i Midt-Austen, gjeve ut bøker og reist mykje. Han som stoppar og seier hei. Han som kjenner alle. I denne boka kan du lesa om Kristian sin barndom, oppvekst og ungdomstid, frå leik i Skålafjæro til læretida i Haugesund. Vidare fortel han om militærtenesta, jobben i Grenda og etablering av trykkeriverksemd og seinare avis på Husnes. Han er innom Svalbard og nærradio i Sunnhordland før han utforskar andre medium og engasjerer seg i eldrepolitikken i Kvinnherad. Kristian ser tilbake og reflekterer over det han har vore gjennom, både motbør og siger. Men boka omhandlar også små og større hendingar i lokalmiljøet elles, ting som har forma samfunnet opp gjennom åra. Raset i Mauranger, ubåtjakta i sunnhordlandsbassenget, striden om Folgefonntunnelen og Halsnøysambandet er blant sakene som Kristian gjer seg nokre tankar om. Slik bind han sitt eige liv til omveltningane i kommunen, og gjennom rikt illustrerte sider gjev han lesaren skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år. «Den tidlegare fridrettsmannen Kristian har runda dei åtti, men er han i mål? Neppe. Han har alltid vore undervegs. Stadig nye idear og nye mål å nå.» Sjur Tjelmeland «Kristian var som ein hjelpande skygge der når eg trengte hjelp.» Magne Medhus «Mediamannen Kristian er ikkje berre interessert i det som skjer, han er òg svært oppteken av folk.» Thor Inge Døssland
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788269171013
Publisert
2020
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skimtvis
Vekt
703 gr
Høyde
251 mm
Bredde
176 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
191

Forfatter