Kvifor vart det slik? er ei ny framstilling av dei lange linene i noregshistoria. Boka er lett tilgjengeleg, og eignar seg særleg for lærarutdanninga og historiestudia. Framstillinga spenner heilt frå steinalderen til 2020, og byggjer på nyare forsking om norsk historie. Forfattarane går gjennom demografisk, økonomisk, politisk, sosial og kulturell historie for å visa korleis det vi kjenner som det norske samfunnet i dag har vorte til. Forminga av Noreg som stat og nasjon er sentrale tema i boka. Medan det i dag kan arta seg som opplagt at det skulle dannast ein norsk stat på det territoriet vi kjenner som norsk, viser forfattarane at denne utviklinga langt frå var noko sjølvsagt. Nøkkelomgrep som nasjonsbygging, modernisering, demokratisering og globalisering synleggjer korleis det moderne Noreg har vorte til. Eksempel på historiebruk og historisk forståing knyt innhaldet til historiedidaktikken. Boka inneheld òg arbeidsoppgåver som kan brukast i undervisning. Sjølv om det særleg er studentar som er målgruppa for boka, kan ho lesast med utbyte av alle som vil ha ei komprimert og lett tilgjengeleg framstilling av norsk historie.
Les mer
Ei velbalansert noregshistorie som viser fram historias usikkerheit på kløktig vis. [...]. Sjølv likar eg skrivemåten i boka særs godt: Han gir på same tid fleire perspektiv på historia, synleggjer at historia er ein materie i bevegelse og ikkje skriven i stein. Boka er fint balansert mellom tradisjonell nasjonalhistorieforteljing og -refleksjon, mellom stolt framstilling og sviande nedsabling av nasjonalromantiske førestillingar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202517502
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
1132 gr
Høyde
258 mm
Bredde
202 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
426

Redaktør