Isa er ein 14 år gammal gut frå den vesle byen Gjakova i Kosovo. Han er halvt serbisk, faren hans er ein ukjend serbisk soldat. Isa har vakse opp med mora Deborah og stefaren Reza, som er veteran frå Kosovo-krigen, og som aldri forsona seg med å ha ein uekte son i hus. Isa held seg tett til den tre år eldre halvbroren Shkodran, som er den einaste som kan beskytta han mot Reza. Handlinga i "Kvit bok mørk vinter" strekk seg over éin dag då Isa, Shkodran og Reza er ute i skogen med eit arbeidslag med krigsveteranar for å fella tre til brensel. Den ekstreme kulden er eit konstant følgje i denne konsentrerte og poetiske forteljinga om forholdet mellom to brør, og om eit skogsarbeid som held krigsminna på avstand.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok