Historiene frå kysten er ulike. Mange handlar om privat rikdom skapt på kort tid. Andre om forfall og avmakt i samfunn der kvotebaronar og konsesjonsadel har skaffa seg arvesølv på billigsal. Nye klasseskilje har oppstått i ei næring der solidariteten ein gong var så viktig. I dag spør folk korleis fisken, ein felles ressurs, så kjapt er blitt spekulasjonsobjekt. Samtidig som vi no for alvor innser kor verdifulle kvotene og konsesjonane er, flyt verdiane bort frå kysten. Mange har utpeikt Kjell Inge Røkke og tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen som agentar for privatiseringa. Men også Arbeidarpartiet og Norges Fiskarlag har eit stort ansvar for ein politikk som har samla kvoter og konsesjonar på stadig færre hender. Havlandet har gått på børsen, kysten er utarma samstundes som eksporten frå Fiskeri-Noreg nærmar seg 100 milliardar i året. Noreg har som mål å vera «verdens fremste sjømatnasjon», men kva slags fiskeristormakt vil vi bli?
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter